Publisert 12. mars, 2021Nyhet

Søker forskarar til partnarvald-prosjekt

Fem nye forskarstillingar i storsatsing for å avverge partnarvald. – Det er aldri forska på avverjeplikt i samband med partnarvald i Europa tidlegare, og internasjonalt har det aldri blitt sett i gang eit så stort forskingsprosjekt på liknande tematikk, fortel prosjektleiar Kjartan Leer-Salvesen, professor ved Høgskulen i Volda.

Meir enn 230 personar har vorte drept av sin partner i Noreg sidan 1990. Fleirtalet av desse tilfella har drapsoffer eller gjerningsperson vore i kontakt med hjelpeapparatet før drapet skjedde, og mange av gjerningspersonane har valdsdommar frå før.

– Etter at Partnerdrapsutvalet la fram sin utgreiing, NOU 2020: 17 Varslede drap? i desember fekk vi ei lang rekkje framlegg frå Regjeringa om korleis vi kan hindre desse tragediene. Vår jobb blir å forske på avverjeplikta som er eit viktig sikkerheitsnett i alvorlege saker.

Satsinga ved høgskulane i Volda, Molde, Politihøgskulen og Oslo universitetssykehus (SIFER) skal forske på både profesjonsutøvarar, valdsutøvarar og valdsoffer sine handlingar til og erfaringar med avverjeplikta i møte med partnarvald.

Totalt har prosjektet «Avvergeplikt i møte med partnervold» ei totalramme på 41,8 millionar kroner. 12 av desse millionane får ein frå Noregs Forskingsråd, resten av midlane vert dekt av dei ulike prosjektdeltakarane.

Fem nye stillingar

Vi bygg opp fagmiljøet med fem nye stillingar knytt til denne satsinga. Ved Høgskolen i Molde og ved Høgskulen i Volda lyser ein ut to stipendiatstillingar kvar, i tillegg til ei stipendiatstilling ved Politihøgskolen.

Dei fem nye stillingane vert ein del av ei tverrfagleg forskargruppe saman med to professorstipendiatar og ei gruppe erfarne nasjonale og internasjonale forskarar.

Her kan du søke på stillingane:

Prosjektleiar for forskingsprosjektet «Avvergeplikt i møte med partnervold» er professor Kjartan Leer-Salvesen: tlf. 41 65 98 05, epost leersalv@hivolda.no.

Medprosjektleiar er professor Solveig K. B. Vatnar ved SIFER Sør-Øst: tlf. 47240094, epost uxvaso@ous-hf.no.