Psykisk helse på timeplanen : kva meiner elevane?

Anne Hilde Lystad, Stål Bjørkly

Region:
SIFER Sør-Øst
Type:
Vitenskapelig artikkel
Publisert:
Psykologi i kommunen (PIK), 2018
Online / DOI:
http://www.fpkf.no/wp-content/uploads/2018/09/Psykisk-helse.pdf

Det har vore mykje fokus på å få psykisk helse på timeplanen for elevar i grunnskulen. I oppropet «Det er et hull i skolens læreplaner» gjekk fleire organisasjonar saman og bad om at psykisk helse kom inn i ny læreplan (Wiker 2015). Fleire har argumentert grundig for at skulen er ein god arena for å lære om psykisk helse (t.d. Andersen, 2016 og Klomsten, 2017). Desse gjev begge gode oversikter over ulike program som har vore prøvd ut i skular, og forskinga som er gjort på desse. I ny overordna del av læreplanen er psykisk helse inkludert: «Folkehelse og livsmestring som tverrfaglig tema i skolen skal gi elevene kompetanse som fremmer god psykisk og fysisk helse, og som gir muligheter til å ta ansvarlige livsvalg» (Kunnskapsdepartementet 2017, side 13). Psykisk helse er spesifikt omtalt som aktuelt område innan temaet. Dei nye læreplanane for faga er ikkje ferdige, men i følgje Meld. St. 28 skal temaet Folkehelse og livsmestring inn i allereie eksisterande fag (2015-2016). Psykisk helse blir såleis ikkje eit eige fag i skulen.